Sjukepleiar/Vernepleiar 100 % fast stilling - Dagtid

Helsehuset, Sykkylven kommune · kommune.no

Sykkylven, Møre Og Romsdal, Norway Full-time 2 days ago
Workplace
On-site
Location
Sykkylven, Møre Og Romsdal, Norway
Who can apply
Based in Norway: you usually need the right to work there

Check your CV against this job

Free · No signup · A 0–100 ATS match score and the keywords you're missing.

Check my CV free

$14.99/month, cancel anytime. Already have an account? Log in

About the role

Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helsefagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet psykisk helse og rus? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg!

Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Psykisk helse og rus! Stillinga er ledig frå 15.10.2026 og inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag.

Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven. Eininga består av legeteneste, heimebasert omsorg og førebygging og meistrings avdeling. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk.

Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, behandling og førebygging. Dette i tråd med nasjonale føringar.

Oppmodar menn til å søke.

Arbeidsoppgåver

* Kartlegging og støttesamtalar * Målretta miljøarbeid * Tilrettelegging/bistand til daglege gjeremål ved behov * Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen og eksternt * Legemiddelhandtering * Journalføring i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk * Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis * Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid * Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande * Oppgåver delegert frå næraste leiar

Kvalifikasjonar

* Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar * Ønskje om vidareutdanning innan psykisk helse og rusarbeid, eller vilje til å ta slik vidareutdanning * Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ynskjeleg * Førerkort klasse B * Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR) * Ved tilsetting krevst det tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

* God munnleg og skriftleg framstillingsevne * Vere strukturert og løysingsorientert * Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team  * Du evnar å halde deg fagleg oppdatert og vise fagleg engasjement * Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Personleg egnaheit blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

* Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver  * Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø   * Kollegastøtte * Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP * Gratis parkering

Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Audhild Myklebust, Avdelingsleiar psykisk helse og rus, 91898758, [email protected] Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, [email protected]

Arbeidsstad

Auregata 19 6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5192013971 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026

Get matched & apply with FindAJobAI

Upload your resume once. We score every job against your profile, tailor your resume and cover letter, and autofill the application.