Helsesekretær/sekretær

Medisinsk logistikk og kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Hjelset, Møre Og Romsdal, Norway Contract 2 days ago
Workplace
On-site
Location
Hjelset, Møre Og Romsdal, Norway
Who can apply
Based in Norway: you usually need the right to work there

Check your CV against this job

Free · No signup · A 0–100 ATS match score and the keywords you're missing.

Check my CV free

$14.99/month, cancel anytime. Already have an account? Log in

About the role

Har du lyst til å jobbe i ein spennande og hektisk bransje?

Vi ser etter deg som er sjølvstendig, serviceinnstilt og utadvendt, og som trivst med varierte arbeidsoppgåver og nye utfordringar. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø med engasjerte og trivelege kollegaer.

Følgande vikariat er ledige som helsesekretær/sekretær;

* Vikariat 1: 100 % fra 01.12.26 - 15.08.27 * Vikariat 2: 100 % fra 01.11.26 - 30.07.27 * Vikariat 3: 100 % fra 01.11.26 - 30.04.27 * Vikariat 4:  50 % fra 01.11.26 - 30.04.27

Seksjonen vår yter tenester til sengepostar, ekspedisjonar, poliklinikkar og inntakskontor ved Medisinsk og Nevrologisk avdeling. Vi har ei sentral rolle i pasientforløpet og legg vekt på god service, kvalitet og samarbeid.

Arbeidsoppgåver

* Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver * Tett samarbeid med alle faggrupper som har tilknyting til seksjonen * Pasientretta arbeidsoppgåver i skranke og telefon * Elektronisk handtering av henvisingar og ventelistearbeid * Elektronisk handtering av post og dokumentbehandling * Rydding i rapportar

Kvalifikasjonar

* Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting * Det er ønskjeleg med relevant erfaring * Autorisasjon som helsesekretær kan vere ein fordel, men ikkje eit krav * Fordel om ein er kjend med å bruke Helseplattformen

Personlege eigenskapar

* Du er positiv og har gode samarbeidsevner * Du er ansvarsbevisst og effektiv * Du har evne til å jobbe i ein hektisk kvardag * Du er fagleg engasjert og initiativrik * Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

* Sterkt tverrfagleg samarbeid * Ein inkluderande arbeidsplass * Løn etter gjeldande overeinskomstar * Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon

Solfrid Snowball, Seksjonsleiar, 97479072, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 4 6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5185690635 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 22.10.2026

Get matched & apply with FindAJobAI

Upload your resume once. We score every job against your profile, tailor your resume and cover letter, and autofill the application.