Vi søkjer fagarbeidar til vikariat i tilrettelagte tenester

Lom Kommune Sentraladministrasjon

Innlandet, Norway Contract 2 days ago
Workplace
On-site
Location
Innlandet, Norway
Who can apply
Based in Norway: you usually need the right to work there

Check your CV against this job

Free · No signup · A 0–100 ATS match score and the keywords you're missing.

Check my CV free

$14.99/month, cancel anytime. Already have an account? Log in

About the role

No har vi ledig eit 100 % vikariat som fagarbeidar, med moglegheit for å arbeide 80 % dersom du ønskjer det. Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.

Hjå oss er det rom for faglege diskusjonar, refleksjon og utvikling. Vi støttar kvarandre i kvardagen, samarbeider tett og er opptekne av å finne gode løysingar for kvar enkelt brukar.

Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine

* Følgje opp og rettleie brukarar med ulike bistandsbehov.

* Planleggje og gjennomføre dagtilbod, arbeid og opplæring saman med tenestemottakar.

* Arbeide målretta for å skape meistring, trivsel og tryggleik.

* Tilpasse tenestene etter den enkelte sine behov, ønskje og vedtak.

* Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.

* Bidra til fagleg utvikling og gode tenester.

Vi ser etter deg som

* Er raus, positiv og engasjert.

* Likar å arbeide med menneske og ønskjer å gjere ein forskjell.

* Er sjølvstendig, men trivst godt med å samarbeide.

* Reflekterer over eigen praksis og er open for rettleiing.

* Tek ansvar og møter utfordringar med eit løysingsorientert blikk.

* Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt fellesskap.

Kvalifikasjonar

* Fagarbeidarutdanning, helst innan helse- eller pedagogiske fag.

* Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

* Førarkort klasse B.

* Gyldig politiattest.

Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.

Kvifor velje oss?

Hos oss blir du del av eit fagmiljø der samarbeid, tillit og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer at både brukarar og tilsette skal oppleve meistring og trivsel.

Vi tilbyr:

* Eit 100 % vikariat, med moglegheit for 80 % stilling dersom du ønskjer det. Vikariatet varer fram til 01.01.2028.

* Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.

* Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.

* Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer.

* Moglegheit til å vere med og utvikle tenesta.

* Turnusarbeid. Stillinga har i dag tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi arbeider med å innføre ein ny turnus med fleire langvakter, som kan gi todelt turnus.

Get matched & apply with FindAJobAI

Upload your resume once. We score every job against your profile, tailor your resume and cover letter, and autofill the application.